Sted: Saemien Sijte
Dato: 7. desember kl. 17.30
Øystein Lydik Idsø Viken, forfattar av “Namdalens historie etter 1837” fortel om samiske perspektiv i Namdalens historie.
I boka om Namdalens historie etter 1837 er sørsamisk historie ein viktig del av forteljinga. Øystein Lydik Idsø Viken fortel om viktige hendingar og sentrale sider ved utviklinga, frå endringa i levegrunnlag og næring til korleis fornorskinga arta seg i regionen. Der sørsamisk historie var delvis oversett i dei to første banda av Namdalens historie, er den forsøkt fortalt gjennom heile dette siste bandet, med kritisk brodd mot tidlegare tolkingar. Viken fortel kva den felles historia viser og korleis ei samisk historie kan løftast fram i ei regionalsoge som denne.