Historienes Trøndelag

Historienes Trøndelag er eit samarbeidsprosjekt mellom Saemien Sijte, Museene i Sør-Trøndelag, Museet Midt, Museene Arven, NTNU Vitenskapsmuseet, Trøndelag reiseliv og regionens destinasjonsselskap. Prosjektet har som overordna mål å løfta regionen som kulturhistorisk opplevingsregion i åra fram mot nasjonaljubileet i 2030.

Sørsamisk fortid og samtid er ei eiga satsing i Historienes Trøndelag. Prosjektet vil synleggjera sørsamisk kulturarv som ein vesentleg del av det regionale fellesskapet. Historienes Trøndelag vil skildra korleis det sørsamiske samfunnet har tatt del i og vorte påverka av den historiske utviklinga. Siktemålet er at trønderske museum i større grad skal framheva særpreget i sørsamisk kultur innanfor sitt felt og region og den historiske samhandlinga mellom samar og ikkje-samar i nærmiljøet.

Øystein Lydik Idsø Viken er tilsett i prosjektet «Historienes Trøndelag» og jobbar med framstillinga av sørsamisk historie ved trønderske museum.

 
Spørmål om prosjektet? Ta kontakt med Øystein:
Direktenr.: 41851200   E-post: [email protected]
213